Korleis bestille time?
Det er tre måtar å bestille time på:
1. Det er å nytte Digital dialog, det er ei teneste mellom fastlege og pasient som gjer det mogleg med sikker kommunikasjon over internett, tenesta er gratis.
For å starte Digital dialog gjeng du inn på Helsenorge.no med BankID, vel fullt samtykke for å opne Digital dialog. Om du har opna den tidlegare, må du likevel opne personverninnstillingane i nettsida for at Digital dialog skal virke.
Legekontoret legg ut ledige timar for 3 dagar av gongen under timebestilling på Helsenorge.no, om du ikkje finn ledig time kan du prøve igjen neste dag.
2. Helserepons:
Lukkas du ikkje med det kan du nytte SMS. Då kan du gå inn på legetime til høyre i bilde, meldinga kan sendast når som helst på døgnet, tenesta er gartis.
3. Telefon:
Elles er du velkommen til å ta kontakt på telefon dersom du treng det.
Avbestille time, eller endre timeavtale
Det ser vi og helst at blir gjort på Helsenorge.no på Digital dialog. Neste alternativ er å sende SMS. Då kan du gå inn på legetime til høyre i bilde, skriv fødselsdato og navnet ditt med avbestilling eller ønske om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjon skal finne stad, elles blir timen belasta, eller du kan ringe.
Korleis bestille reseptar på faste medisinar?
Reseptar kan bestillas på Helsenorge.no via Digital dialog, på SMS eller telefon.
Ved bruk av SMS, gå inn på andre henvendelser, fødselsdatoen din, navnet ditt, faste medisinar som skal fornyast og sender meldinga til 2097. Meldinga kan sjå slik ut: HJARTDAL 0405190 Ola Hansen treng resept på Paracet.
Tenesta kosta tidlegare kr. 6,- pr. SMS, den er no gratis. Du kan sende meldingen når som helst på døgnet.
Attestar og korttidssjukemeldingar
Når det gjeld attestar og sjukemeldingar, ta kontakt via Helsenorge.no, SMS eller ring til legekontoret for vidare avtale.
For å skrive ut sjukemelding må legen ha dokumentert kontakt med pasienten.
Akutt hjelp
Ved behov for akutt hjelp kan ikkje Helsenorge eller SMS nyttast fordi vi ikkje kan vere sikre på at vi fangar opp meldinane raskt nok.
Ring då telefonnummer:
116117 eller 113
Helsekontrollar/Vaksinering
Ta kontakt med helsesjukepleiar tlf. 47634641/35028050.