Hjartdal legekontor
HEI!
Velkommen til våre heimesider. Vi ønsker å gjere kontakten med oss så enkel som mogleg.
Det er tre måtar å bestille time på:
1. Det er å nytte Digital dialog, det er ei teneste mellom fastlege og pasient som gjer det mogleg med sikker kommunikasjon over internett, tenesta er gratis.
For å starte Digital dialog gjeng du inn på Helsenorge.no med BankID, vel fullt samtykke for å opne Digital dialog. Om du har opna den tidlegare, må du likevel opne personverninnstillingane i nettsida for at Digital dialog skal virke.
Legekontoret legg ut ledige timar for 3 dag av gongen under timebestilling på Helsenorge.no, om du ikkje finn ledig time kan du prøve igjen neste dag.
2. Helserespons:
Lukkas du ikkje med det kan du nytte SMS. Då kan du gå inn på legetime til høyre i bildet, meldinga kan sendast når som helst på døgnet, tenesta er gratis.
3. Telefon:
Elles er du velkommen til å ta kontakt på telefon dersom du treng det.
Reseptar:
Det er viktig at reseptar bestillast i god tid, minst tre dagar før dei skal hentast.
Venleg helsing frå Hjartdal legekontor.